tirsdag 27. november 2012

Dialogar om tekst

No har eg brukt dei siste timane på å lese i boka Dialogar om tekst av Håland og Lorentzen, og tenkjer at eg kanskje kan klare å hugse enno litt meir til eksamen dersom eg skriv litt om kva eg har lest.

Håland meiner at ein som lærar ikkje skal byrja ein dialog om ein elevs tekst med å kommentere det formelle feil-nivået. Dersom ein gjer det vil ein gå glipp av eit stort læringspotensiale som ligg i det å utvikle ein tekst på andre måtar enn berre det formelle. Ho kjem med mange gode døme på korleis ein som lærar kan hjelpe ein elev med å både komme i gong med og å vidareutvikle ein tekst. Det eg synes er det viktigaste når ein elev skal skrive ein tekst, er at han får oppleve skriveglede. Håland skriv om at elevane må få byggje si eigen skrivaridentitet, og at ein som lærar må vere varsam med kva ein kommenterer i ein elevtekst. Det vert ofte teken veldig personleg når ein får kritikk for tekstar ein sjølv har skreve, kanskje særskilt når det er ein elev som nestan aldri har skreve ein tekst før. Skrivaren skal føle at noken har trua på han som skrivar, og ikkje verte redd for å vise fram teksten sin til andre.

Eg har inntrykk av at mange lærara fokuserar for mykje på dei formelle skrive- og komposisjonsfeilane når dei skal "rette" elevtekstar. Eg har vor ein del vikar på småskuletrinnet, og har då fått beskjed om å rette ulike tekstar og prøvar der skrivefeil og skrivemåte ofte er i fokus. Eg føler at det er heilt feil av meg å rette på denne måten, og mange gonger endrar eg på måten eg fokuserer på teksten for at ikkje elevane skal verte heilt motlause. Når ein tekst skal byggjast opp på innleiing, midtdel og avslutning, vert det heilt feil for meg å rette skrivefeil, når eg ser at eleven er kjempegira på å få fortelje kva han har skreve om.

Nei, eg må seie meg veldig enig med Håland i det ho skriv om dialogen om tekst! Fokuser på skriveglede og vidareutvikling av tekstens innhold ved å snakke om teksten, ikke ved å føre inn mange røde strekar under feilskrevne ord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar